Scandal av Queen
Scandal Singel av Queen frå albumet The Miracle | ||
B-side | ||
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 9. oktober 1989 | |
Innspelt | 1988 | |
Sjanger | New wave, poprock | |
Lengd | * 4:43 (album)
| |
Selskap | Parlophone, EMI, Capitol | |
Komponist | Brian May | |
Tekstforfattar | Brian May | |
Låtskrivar(ar) | Queen (Brian May) | |
Produsent | Queen og David Richards | |
Queen-kronologi | ||
«The Invisible Man» (1989) |
Scandal | «The Miracle» (1989)
|
«Scandal» er ein song av det britiske rockebandet Queen. Han vart gjeven ut som den fjerde singelen frå albumet The Miracle i 1989 og nådde 25. plassen på den britiske singellista.[1] Singelen vart gjeven ut i USA òg, men gjekk ikkje inn på lista der.
Den originale versjonen av songen «My Life Has Been Saved» vart gjeven ut som B-sida til singelen, før May, Taylor, Deacon og Richards omarbeidde songen for det femtande og siste studioalbumet sitt, Made in Heaven. I 1995-utgåva var den originale gitarintroen erstatta med klaverinstrument spelt av bassisten John Deacon.
Kompsosijon
[endre | endre wikiteksten]«Scandal» vart skriven av Brian May, men er tilskriven heile Queen. Songen handlar om den uønskte merksemda som May og Freddie Mercury fekk i pressa seint i 1980-åra. May gjekk gjennom eit skilsmål frå den første kona si, Chrissie Mullen, og hadde eit forhold med skodespelaren Anita Dobson. Mercury hadde testa positivt for HIV i 1987, men annonserte ikkje at han hadde viruset før dagen før han døydde i november 1991. Det var aukande spekulasjonar i media om helsa hans då utsjånaden hans endra seg, særleg tok han av mange kilo, som var med på å gje liv til spekulasjonane om at han var alvorleg sjuk.[2]
Musikkvideo
[endre | endre wikiteksten]I videoen spelar bandet på ein scene utforma som ei avis. Han vart filma i Pinewood Studios i september 1989, og er kjend for den magre utsjånaden til Mercury.
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Freddie Mercury - føresongar og korvokal
- Brian May - elektrisk gitar, keyboard
- Roger Taylor - trommer, vibraslap
- John Deacon - bassgitar
- David Richards - synthbass, sampler
Lister
[endre | endre wikiteksten]Liste (1989) | Plassering |
---|---|
Den nederlandske singellista[3] | 12 |
Irish Singles Chart[4] | 14 |
UK Singles Chart[1] | 25 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Scandal (song)» frå Wikipedia på engelsk, den 25. juli 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 «Queen - Full Official Chart History». Official Charts Company. Official Charts Company. Henta 20. januar 2016.
- ↑ «Scandal - Queenpedia». Queenpedia.com/. Henta 25. juli 2016.
- ↑ «Queen - Scandal - Dutchcharts». dutchcharts.nl. Hung Medien. Henta 21. januar 2016.
- ↑ http://www.irishcharts.ie